Solsikkedagane 2009

Dei sjette Solsikkedagane er no vel i hamn og vi har trua på å ha slått publikumsrekorden frå i fjor, då der var rundt 3500 innom Fiskå sentrum i løpet av helga.
Solsikkedagane har eit program som fengar folk flest. Over 200 såg Arild Hoksnes og vel 600 var innom solsikkedansen. Tilbakemeldingane frå utstillarane har vore utelukka positive, dei har hatt eit godt sal, har møtt hyggelege folk og har allereie no sagt dei kjem igjen neste år.
Solsikkedagane er eit arrangement, som takka den fantastiske jobben frå alle dei frivillege, er med på å sette Vanylven på kartet!
Last ned solsikke-flygebladet 2009 her!
Sjå film frå Solsikkedagane 2009 under "media"

